Stor utfart til Dalalia og Tydalsnebba i finvêret.
Sjølv om temparaturen har vore stabil mellom 10 og 20 kuldegrader den siste tida har det vore stor trafikk til fjells. Det store turmålet er no Tydalsnebba, men det er også mange som nøyer seg med ein tur oppi Dalalia – men felles for alle er at dei er på søken etter pudderføre . Dalalia har den siste tida oppvarta med fint pudderføre, medan det på toppane er litt prega av at det har vore litt vind og i minste laget med snø.
Dalalia og Tydalsnebba er populære turmål. Dalalia er perfekt for rando, med både puddersnø og sol. Tydalsnebba heilt til venstre i biletet og den karakteristiske Neådalssnota midt i biletet. Foto: Maria Hagerupsen Halle.
Både laurdag og søndag var det fullparkert både på parkeringsplassen og på plassen ved butikken til Kårvatn Fjellutstyr. Etter kvart har nok Dalalia vorte meir populær som utfartsområde enn Kleivhauann og Tristeinan. Dalalia er no meir solrik og dermed meir komfortabel, men det er også finare forhold for randonee-kjøring. Etter kvart er det nok mange som har randoutstyr og som tek turen til Dalalia som har forholdsvis lett adkomst og er relativt trygg med tanke på rasfare.
Ein gjeng studentar frå Trondheim har vore på Kårvatn heile helga. Her er dei på tur til fjells – målet var tverråbotnfjellet i dag. Foto: Gudmund Kårvatn.
Bjørn Gulla frå Trondheim (Opprinneleg frå Surnadal) hadde Tydalsnebba som mål i dag – og gledde seg til turen. Han har allereie fleire turar hit i år, fortalte han. Foto: Jon Olav Ørsal
Autostrada mot toppen – alle skispora vitnar om stor trafikk mot toppen av Tydalsnebba. Foto: Erik Kårvatn
Til topps: På toppen av Tydalsnebba – trøndere som klargjer skia for nedkjøringa. Foto: Dennis Eidsmo
Bivuakk i skogen – desse to hadde overnatta i telt i skogen i natt. Tok lunchen ved bålplassen i dag. Foto Berit Kårvatn.
Mykje folk i fjellet – parkeringsplassen ved Kårvatn var fullparkert både laurdag og søndag. Dalalia i bakgrunnen. Foto: Jon Olav Ørsal