Det er stor utfart med folk som dreg på skitur i finvêret. Stor variasjon i valg av turmål er det også, og laurdag føremiddag registrerte vi stor biltrafikk og massevis av biler på parkeringsplassane ved ymse turmål. Vi tok turen til fots og turmålet var Øygardshalsen som er eit moderat turmål og ein del av Søyatraseen – med start frå Vang.
Må verkeleg ta fram superlativa når vi skal omtale Søyatraseen. Du verden for fine løyper som er køyrt opp, og her kan du faktisk velge om du vi gå til fots eller om du vil bruke ski. Vang skiarena med tilhøyrande parkeringsplassar er eit ypperleg utgangspunkt om du vi gå til Strengen eller andre plasser – kanskje berre ta ein triptur til Øygardshalsen for å ta formiddagskaffen i det flotte vårvêret. Men for alle gjeld det å ta med solkrem med faktor – sola er sterk no og vi er ikkje mykje herda etter alt gråvêret og snøfall. Men uansett så anbefaler vi å være forsiktige dersom du ferdes på plassar det er fare for snøras.