Dei siste par åra har det pågått oppgradering av vegen frå Brusetbrua, innover Ramsøydalan vidare til Halanesset og Romåbrua. No er vegprosjektet på det næraste ferdigstilt, og dermed er det klart for skogsdrift både i Romålia og innafor Romåa.
Det er Sollid Skog som har hogstprosjektet, der det skal hoggast 4-5.000 m3 gran – og kanskje meir – no i vinter. – Vi kjem nok iallfall til å halde på ut mars månad før vi er ferdige, seier Roar Sollid i Sollid Skog. Dei ligg nærast i startgropa enno, men etter kvart vil dei nok få fart på sakene og på framdrifta.
No er det ei hogstmaskin og ein lastbærar som er i drift, men dei ventar også på tredjemann som har med seg ei gravemaskin for å lage vegar for hogstmaskina og lastbæraren. Etter som vi forstår er alle grunneigarane på Husby og Hala med på prosjektet som skal hogge mykje gran utover mot våren.
Da vi var i Halaneset på ein lynvisitt var det litt vedlikehaldsarbeid som stod på programmet. – Vi må ha utstyr som fungerer dersom vi skal få effektiv drift i kvardagen, sa Roar Sollid. Og effektiv drift skjønner vi er naudsynt, når ei slik hogstmaskin i dag kostar 4,2 mill.