Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor takk til Gudmund, som har laga nye årer til ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. juni 2024

Gudmund K. Kvendset, som er godt kjent for sine mange fine kjøkkenreiskap og andre produkt laga av tre, har laga nye årer for bruk ved åresal i ungdomshuset. Gudmund har, heilt gratis, laga 200 nye årer av tolle. Desse vil no erstatte dei gamle årene, der dei eldste er langt over femti år, og har såleis gjort sitt. 

I går kveld vart dei 200 nye årene nummerert og klargjorte for bruk. Det var driftsleiar i ungdomshuset, John Moe og Ragnhild A. Moe som stod for dette. 

Dei nye årene vart nummerert i går kveld. Foto: R A Moe

Driftsleiar i ungdomshuset, John Moe vil på vegne av ungdomshuset og Todalen Idrettslag rette ein stor takk til Gudmund for dei nye årene!

– Dette var ei verkeleg fin «gåve» frå Gudmund til ungdomshuset og idrettslaget, som vi verkeleg sett stor pris på, seier John. – Vi veit at Gudmund har bruka tid på dette, og årene vart kjempefine, legg han til. 

Publisert: 6. juni 2024, 06:28