Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor takk til alle som støtta VIPPS-basaren vår!

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. oktober 2020

Todalen sanitetsforening takkar for stor givarglede og god støtte i samband med VIPPSBASAREN. «Vi er både audmjuke og takknemlege for den gode oppslutninga om haustbasaren vår,» seier leiar Maren Ansnes.

På grunn av koronapandemien vart det ikkje tilrådeleg å arrangere tradisjonell haustbasar, og sanitetsforeininga bestemte seg for å prøve seg på VIPPSBASAR. Nytt og uvant, men det vart ein suksess! Det kom inn over 19 000 kroner via VIPPS, og i tillegg fekk foreininga selje lodd på Matkroken i to dagar, så resultatet til slutt vart godt og vel 35 000 kroner!! «Vi er svært gledeleg og positivt overraska over dette resultatet,» konkluderer styret. Eit så godt resultat hadde dei aldri drøymt om! Dei vanlege haustbasarane i Sanitetshuset har dei siste åra gjeve ei inntekt på om lag 40 000 kroner. 

Styremedlem Ingrid Pedersen og kasserar Ragnhild Ansnes Moe hadde ansvar for trekninga. Foto: Dordi J H

Styret rettar ein stor takk til alle som har kjøpt lodd og for mange fine gevinstar. Dei takkar Matkroken Todalen for stor velvilje ved loddsal og todalen.no for god hjelp med omtale av basaropplegget.

Sjølv om VIPPSBASAREN vart vellukka og gjerne kan gjentakast, så håpar Todalen sanitetsforening at dei kanskje til neste år kan arrangere vanleg basar, da det er triveleg og meir sosialt.

Her er trekningslista:

Tusen takk til folk rundt oss som støttar så godt opp om arbeidet vårt! Frå venstre Steffi Bohle, Ragnhild Ansnes Moe, Kari Kvendset, Arndis Søyset, Ingrid Pederesn, Anne Helene Teilgård Halset, Maren Ansnes, Åse Johanne Ville Redalen, Solveig Glærum og Synnøve Hole Talgø. Foto: Dordi J H

Publisert: 5. oktober 2020, 23:19