Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje folk på forsvarshistorisk sommartur i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. august 2025

Tysdag inviterte Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre brigadeveteranforening til forsvarshistorisk sommartur til Surnadal, der ein også markerte at det var åtti år sidan andre verdskrig slutta i Norge. Responsen på invitasjonen var særs god, og arrangementet måtte flyttast frå kinosalen til Storstuå på Surnadal kulturhus.

Leiar i Nordmøre Forsvarsforening, Olav Jostein Holten ønskte velkommen. Han sa at Forsvarsforeninga denne gongen skulle prøve noko nytt, nemleg ei digital vandring til dei ulike forsvarsanlegga Tyskarane bygde under andre verdskrig (1940 – 45) i Nedre Surnadal.

Øyvind Holte overtok og viste oss bilete av og fortalte historier rundt dei anlegga tyskarane bygde i Nedre Surnadal.

Skisse over tysk leir på Øye-området. Foto: Nordmøre Forsvarsforening

Surnadal var ein strategisk plass

Vegen over Nordmarka stod ferdig i 1938, og dette var da einaste bilveg mellom Kristiansund og Trondheim. Sjølv om det aldri kom til kampar i Surnadal, så såg tyskarane på Surnadal som ein viktig strategisk stad ved ein eventuell alliert landgang i Midt-Norge. Ei stadfesting av dette er vel det faktumet at det etter krigen har vore fleire store NATO-øvingar i Surnadal.

Tyskarane bygde difor fleire bunkersanlegg og maskingeværstillingar med stilhøyrande skyttargraver i Surnadal. Her var det sambandsbunkers, sanitetsbunkers, kommandobunkers og fleire forsvarsbunkersar.

Haubitsbatteri på Røssmoen

Som ein del av dei tyske forsvarsanlegga i Surnadal vart det på Røssmoen etablert eit Haubitsbatteri med seks Haubitsarar. Desse vart flytta frå Paris til Røssmoen etter at Paris fall, var historia sa Holte, men han ville ikkje gå god for akkurat den versjonen sa han.

Ein Haubits er eit flyttbart feltartilleri som egnar seg godt på stadar med bygningar og med kupert landskap, og der ein ikkje kan sjå målet frå Haubitsen. Haubitsbatteri er det når det er fire eller fleire Haubitsar plassert på same staden. Haubitsane på Røssmoen vart trekt av hestar.

Litt av sjukehusbunkersen på Røssmoen. Foto: Nordmøre Forsvarsforening

På Røssmoen bygde også tyskarane ein sanitetsbunkers som det var tenkt brukt til sjukehus, med sidan det aldri kom til kamphandlingar her, så fekk dei ikkje bruk for sjukehuset, men det vart lagra litt mat i bunkersane.

Kvileleir på Øye

På Øye, der Surnadal vidaregåande skule ligg i dag, bygde Tyskarane ein kvileleir for krigsskadde soldatar som trong rekonvalesens før dei var stridsdyktige att. Dei fleste av soldatane som var her, vart etter ferdig rekonvalesens sendt til Austfronten, der dei fleste av dei ganske sikkert tapte livet.

Dei siste åra har tiandeklassane ved Surnadal ungdomsskule fått vore rundt og sett på bunkersanlegga og fått høyre historiene om dei andre anlegga i Nedre Surnadal. 

Etter krigen vart deler av bygningsmassen her mellom anna bruka til å bygge folkets hus ved Bjørnbanen og Trudvang på Surnadalsøra.

Tre flystyrtar

To Messerschmitt jagarfly styrta i desember 1941, eitt i Øyagardsgeilen og eitt på Indre Rød i Halsa. Flya styrta på grunn av at dei ikkje hadde nok drivstoff til å kome seg «heim att» til basen sin på Ørlandet.

Flyet som gjekk ned på Indre Rød i Halsa naudlande på eik ekre, og flygaren overlevde. Men det var berre så vidt, for gardbrukaren på Indre Rød tok nemleg med seg øksa og ville gå for å slå han ihel, men heldig vis fekk sonen på garden hindra dette, slik at både flygaren og gardbrukaren berga livet! Flygaren kom att til Norge i 1999, og var da både på Indre Rød og i Øygardsgeilen for å sjå stadane for flystyrtane.

På ekra på garden Indre Rød i Halsa naudlanda den eine av dei to Messerschmittane. Foto: Nordmøre Forsvarsforening

Flygaren i jagarflyet som styrta i Øyagardsgeilen skaut seg ut og overlevde, men han vart seinare skoten ned og drepen ved Narvik.

Det tredje flyet var ein engelsk Spitfire som vart skoten ned og styrta på Nordmarka. Flygaren vart teken til fange, og døydde seinare i ein fangeleir i Polen.

Spitfire flyet var på veg attende til Skottland, etter å ha våre i Åsenfjorden å teke bilete av slagskipet Tirpitz, som låg der.

Det vart totalt bygd 400 Spitfire fly, og berre to av dei er bevart, eitt i Sverige og det som vart skote ned og styrta på Nordmarka er delvis bevart i England.

Prest og motstandsmann

Paul Edvard Lereim Pedersen (1904 – 2005) var sokneprest i Surnadal frå 1934 – 1951. Han var under krigen med i motstandsrørsla, og la som mange andre prestar rundt om i landet ned den statlege delen av prestevirket, men heldt fram som prest i Øye, Ranes og Mo. Hen vart til slutt arrestert og sett i fangenskap til krigen tok slutt.   

Gullaug Lereim Dybdahl, Inggard Lereim og Øyvind Holte Foto: B G Ansnes

Ein gong kommandanten i leiren på Øye var på besøk i prestegarden, sette han seg på ei kiste. De han ikkje visste var at denne var full av våpen.

Ei anna historie er da det vart bestemt at det skulle flaggast, og ordføraren i bygda kom og heiste flagget i prestegarden, men Pedersen tok det ned att. Ordføraren kom att og heiste flagget på nytt, men presten tok det ned like fort. Til slutt heiste ordføraren flagget og sette seg framfor flaggstonga for å passe på at flagget ikkje vart teke ned att, og for at presten skulle unngå straff.

Dotera Gullaug Lereim Dybdahl hugsar godt den dagen faren vart arrestert. Ho hugsar også at dei tykte dei Tyske soldatane hadde godt barnetekke og at dei hadde godteri.

Sonen Inggard Lereim hugsar ikkje så mykje frå krigstida, men han hugsa at dei fekk godteri.

Bilde: Lars Jostein Bævre med diplom og medalje.

Lars Jostein Bævre vart tildelt Norsk Forsvarsforenings Medalje. Foto: B G Ansnes

Overraska medaljevinnar

Til slutt i programmet i Storstuå fekk ein særs overraska Lars Jostein Bævre overrekt Norges Forsvarsforenings medalje, for langvarig og aktivt bidrag i Nordmøre Forsvarsforening.

«Dette var ei skikkeleg overrasking», sa ein overraska Bævre. «Det er sjølvsagt stas å bli heidra på denne måten, og det gjev inspirasjon», la han til

Lars gjennomførte tre månader førstegongstenesta på Steinkjersannan, og vart etter dette flytta over til Heimevernet fram til 1994. At han vart med i Nordmøre Forsvarsforening var meir tilfeldig, men det har etter kvart blitt nokre år.

Bilde: Jo Inge Øverland og Petter Forberg er primus motorar for den forsvarshistoriske samlinga på Åsen.

Primus motorar på den krigshistoriske samlinga på Åsen, Jo Inge Øverland og Petter Forberg. Foto: Peder Øverland

Fullt hus på den forsvarshistoriske samlinga på Åsen

På den forsvarshistoriske samlinga på Åsen er det Jo Inge Øverland og Petter Forberg som dei siste åra har vore primus motorar.

Her er det samla lokale uniformer frå andre verdskrig, tyske uniformer og medaljar, engelske uniformer, hjelmar, våpen frå fleire land og mykje anna utstyr, spesielt frå andre verdskrig.

Så eit besøk på den forsvarhistoriske samlinga på Åsen kan absolutt anbefalast! Så har ein lyst til å ta ein tur hit er det berre å ta kontakt med Nordmøre Forsvarsforening.   

Olav Jostein Holten, Øyvind Holte og Lars Indreiten var med i arrangementskomiteen. Foto: B G Ansnes

Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre brigadeveteranforening sin forsvarshistoriske sommartur vart ein innhaldsrik og interessant historiedag!

Publisert: 27. august 2025, 15:00