– Ønskjer du å støtte dei katastroferamma i Syria og Tyrkia? Da kan du koma til Åsskard kyrkje onsdag 1. mars klokka 18:00! Denne oppfordringa kjem frå koret «Prosjekt 17» og Åsskard sokneråd. Dei står bak konserten der lokale artistar tek eit krafttak for nødsarbeidet som Kirkens Nødhjelp driv i jordskjelvområda. Støtten gjeld også det krigsherja Ukraina.
Mange artistar
Saman med koret stiller barnegruppa Amigos – med Bodil Kvam Aasbø i spissen – trekkspelaren Ronny Kjøsen, songaren Turid Røen Kroknes, fløytisten Tove Elin Strand, fiolinisten Synnøve Hammervold og strykarar frå Kulturskulen på Indre Nordmøre.
Var du der?
– Vi trur at mange gjerne vil yte nødhjelp, men kanskje ikkje veit korleis, seier leiar i «Prosjekt 17» og organist Bernt Bøe.
– På denne konserten kan alle gi økonomisk støtte med billetten og samtidig få ei musikkoppleving i solidaritetens tegn. Songteksten «Da jeg trengte en neste, var du der?» er motto for konserten. Den har tittelen «Ein drope i havet», men har ikkje noko å gjera med organisasjonen «Dråpen i havet», understrekar arrangørane.
Musikk og fastelavnsris
Alle opptrer gratis. Billettinntektene går uavkorta til nødsarbeidet. For same formål kan ein kjøpe lokale CD-plater. Og på Amigos-kvelden søndag laga barna fastelavnsris, som dei vil selje på konserten onsdag kveld.
Dessutan utgjer kvar billett eit lodd i trekninga om bok- og musikkpremiar til slutt i konserten.
Full kyrkje?
Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen ivrar for tiltaket og set stor pris på innsatsviljen hos aktørane. – Konserten fortener full oppslutning også frå nabobygdene. Vi ser for oss fullsett kyrkje!, seier ho.