Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor stemning og fantastisk song

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. juni 2024

Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten rapport frå gudstenesta i Todalen kyrkje søndag. Kjell Gunnar skriv:  «Gudstenesta søndag handla om å vera utsending for Jesus, opprinneleg dei tolv apostlane. Det dei starta med vart eit nettverk som i høgste grad eksisterer enda i dag. Det har nådd ut til milliarder, og prost Vidar Rygh poengterte at den stafetten skal vi vera med å bringe vidare».

«Det var i underkant av tretti frammøtte og dei fleste er kanskje ikkje bygd for fart lengre, men det blir så absolutt kompensert med livsvisdom og vilje. Og som prosten sa, alle er kvalifiserte til å spre ordet, det er ikkje eit eksklusivt valg av lag. Det starta med Jesus og disiplane, han la ei plan, og praktiserte vel igrunn « management by walking around» lenge før det vart på moten ved den industrielle revolusjonen». 

Kyrkjekaffe høyrer med når det er gudsteneste i Todalen kyrkje. Foto: Kjell Gunnar Polden

«Gudstenesta vart også reine konsertopplevinga. Todalingane er kjent for god kyrkjesong, men søndag toppa det seg. Organist Erik Rosenius løfta mesta taket av kyrkja. Den stemmen er noko av det frakkaste vi har har høyrt. Rett og slett ei oppleving. Han spela og song solo «Den første gong eg såg deg» under ofringa, og den songen satt nok i hjertet til mange både under og etter».

«Kyrkjekaffen hadde som vanleg godt oppmøte».

Publisert: 30. juni 2024, 12:31