Midt i slåttonna inviterte banehagen og skulen i Todalen familie, naboar og vener til Tikaffe i gymsalen, og riktig mange møtte opp og kosa seg både med underhaldning, kaffe, bakels og triveleg lag.
«Ti-kaffe» i skulen og barnehagen starta opp rundt 1990, altså alt ein gammal, godt innarbeidd og triveleg tradisjon. Men det er vel første gongen at arrangementet er på ei slik tid av året at slåtten har begynt. I «gamle dagar» var det alltid tikaffepause i slåttonna og andre onner, så det passa riktig godt med tikaffe ein grå dag i juni.
Arrangementet opna med at alle ungane og dei tilsette på lang, lang rekke kom syngande inn i gymsalen og smaug seg fram mellom borda – stilig! Songen hadde enkel tekst: «Når du bli gammel så ho bessmor di, da e det for seint med frieri!» Melodien er ein fin folketone frå Nordmøre, men teksten er litt gammeldags i våre dagar. Elevane song deretter ein ny folketone: «Pissikatt, kvar låg du i natt?» – ei vise som har vore mykje bruka her i bygda. Riktig kjekt å høre desse folketonane frå unge songarar!
Ungane i barnehagen hadde sjølve bestemt songinnslag, dei song «Mikkel rev» med fynd og klem. Flott innsats! Elevar frå småskuletrinnet las eigne dikt – dikt som var skrivne til «Vårsøghelga». Mange artige dikt med forskjellig tema som fotball, vener, kjæledyr osb. Britt Mossing fortalde at kvart år blir det plukka ut elevar frå kvar skule i kommunen til å lese dikt på Kleiva. I år representerte Nicole Nordvik Todalen skule og las diktet sitt «Friminutt», eit fint, lite dikt som lyder slik:
FRIMINUTT
Eg og Martine klatrar opp i eit tre
Vi kikar rundt
Så klatrar vi ned
Etter diktlesinga vart det rock ved elevar frå storskulen – «Hjalmar» av Trond Viggo Torgersen, eit friskt innslag.
Rektor Britt Mossing takka for at så mange kom – mestå overraskande mange, og det er kjekt, sa ho. Ho takka også for god støtte frå bygda og andre i løpet av året. Ho nemnde først besteforeldre som stilte opp mange fredagar i vinter og var strikkehjelp, så idrettslaget som alltid er velviljug når det gjeld lån av utstyr, anlegg og oppkjøring av skidårer og saniteten som stiller med lesevener i småskulen.
Sjølvsagt var det tradisjonell servering ein slik dag – graut og bakels som smaka fortreffeleg!
Barnehagen, skulen, foreldre og bygda samarbeider godt. Familie, vener og naboar til ungane ved oppvekstsenteret set tydeleg pris på barnehagen og skulen, og ungane syntest det var stor stas med besøk.