Første kvelden med sykkeltrim i sommar vart arrangert i kveld. Både store og småe todalingar møtte opp for å delta, og den første runden gikk rundt bygda – oppover Ørsalbukta til Bruset og nedover att på norsdsida og siste etappe etter Toåa tursti frå Bønnavollan til Halsabrua og vidare til Bordholmen.

Kristian H. Gjeldnes registrerer seg med QR-koden, medan Astrid L. Kvendset registrerer e-postadresser. Foto: Jon Olav Ørsal
I klubbhuset gikk bakelspressa for fullt, og det var nok mange som var innom kiosken for fylle på att litt energi i for av bakels med graut – og kanskje litt brus eller anna drikke.
Ibeste koronastil var det sjølvsagt eit strengt smitteregime, og skanning av QR-kode for å registrere deltakarane. Sykkeltrimmen viste at det er behov for både fysiske aktivitetar og sosial kontakt, og det såg ut som både store og små kosa seg i det fine vêret.

I Kiosken gikk bakelspressa for fullt – bakels og graut er absolutt innafor! Frå venstre Jenny Stensby, Anita Talgø, Edel Terese M Karlsen og Ingunn Mikkelsen. Foto: Jon Olav Ørsal

Absolutt godkjent på bakelsa frå kiosken – Hallvard, Natascha og pappa Gunnar var enige om det. Foto: Jon Olav Ørsal