Måndag starta skulen på igjen for dei som går i 1. til 4. klasse. Det var sjølvsagt stor stas å kome på skulen igjen og treffe att klassekameratane etter fleire veker med heimeskule vi internett. På Todalen skule ei dei samla i ei gruppe og det går mykje på uteaktivitetar, fortel rektor Britt Mossing.
Ho fortel vidare at elevane alt er dyktige til å vaske hender og prøver så godt dei kan å halde avstand, slik at dei held seg best muleg i forhold til regelverket som er laga for skulen. Etter at skuledagen er gjennomført blir alle lekene rengjort slik at dei er klare til bruk neste dag.
No er det store spørsmålet når resten av elevane – frå 5. til 7. klasse – kan starte på igjen. Rektor rekna med at dei kanskje fekk høre litt meir om planene i sutten av veka, men igen ting er bestemt enno. Enn så lenge er det altså 1. – til 4. klasse som rår grunnen i Todalen skule.