Onsdag kveld inviterte det nystarta koret «Prosjekt 17» til Haustsongfest i Todalen ungdomshus, og det vart ein festkveld med stor songglede både av koret og folk i salen! Det er tydeleg at folk likar å møtast for å synge i lag og synest det er viktig å halde songtradisjonen ved like. I «gamle dagar» var allsong mest alltid ein del av programmet når folk samlast.
Koret «Prosjekt 17» er nystarta, men likevel gammalt, godt og kjent. Etter at Bernt G. Bøe vart pensjonist, har han ikkje lenger ansvar for kyrkjekora, og da vart det ei nyorganisering av korarbeidet hans. I koret «Prosjekt 17» er det songarar frå Todaslskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor, altså eit kor med erfarne og dyktige songarar, og dei imponerte med velklingande, fyldig og flott song sjølv om dei ikkje er så mange. Dirigenten syntest det var stas å utvide koret med ei stor og songglad forsamling til refrenget i ein del av songane. Og koret tek gjerne i mot nye songarar!
Bernt dirigent imponerte nok ein gong med stor kunnskap og forteljarglede, og ikkje minst godt minne! Tekster og melodiar sit visst som spikra i hovudet hans. Han demonstrerte «gjenbruk av musikk»: melodiar vandrar og får nye tekster i nye samanhengar. Salmetonar kan kome att i viser, og visemelodiar kan bli nytta til salmetekster. Mellom anna så er den kjende melodien til «Londonderry Air» nytta til om lag 100 ulike teskter.
Publikum fekk mellom anna gjehør med songar både frå «Seterkabareten frå Todalen» og frå «Med segl og Wichmann»- kabaret frå Bøfjorden, mlodiminne som «Edelweiss», og av Petter Dass både «Fiskervise» og «En Smuk Aftensang».
I pausen vart det kaffe med mykje godt attåt, retteleg kveldsmat. Og loddsalet gjekk riktig godt syntest arrangørane, dei selde ut alle seks loddbøkene i løpet av eit kvarter.
Borghild Betten Talgø var programleiar, ho takka for godt frammøte og ei riktig så tiveleg stund i Ungdomshuset. Kvelden vart avlutta med allsong av «Fager kveldssol smiler»; i god tradisjon både frå Todalen og Bøfjorden.
Alle foto: Jon Olav Ørsal.