I dag er det eit klart bodskap frå varsam.no – Unngå alt skredterreng! Mykje snø og kraftig vind gjer at det kan gå svært store og naturleg utløyste snøskred. Det store snøfallet i går og blaut, tung snø kombinert med regn har gjort at skredfaren i dag er på raudt nivå for Trollheimen.
Det er fare både for flakskred med nysnø og laussnøskred med våt ubundet snø. Vêrmeldinga på yr.no er også tydeleg, med snø i fjellet både søndag og måndag, medan det blir regn i «låglandet».