Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor oppslutning om påskebasaren på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Tysdag 16. april 2019

Påskebasaren på Nordvik samla mykje folk, inne var Forsamlingshuset var stappfullt, og utanfor var det full fart med ein skokk ungar som leika gjømsel. Det er tydeleg at Nordvik er vekstområde, og etter kvart som byggefeltet på Øygarden fyllest opp, kan nok Forsamlingshuset bli i minste laget.

Karin Åsbø er leiar i grendalaget. Her sel ho lodd, lenger bort ser vi Marit Gjeldnes og Kenneth Sætherbø. Båe to er med i styret. Foto: Dordi J H

Her var det tradisjonell basar med stort basarbord – riktig mange fine gevinstar, på scena var det pilkast og sjølvsagt var det åresal. Tre dyktige ungar – Anna, Leon og Bea, stod for åresalet. Dei selde ut årene gong etter gong, trekte rett nummer og delte ut gevinstar; dei hadde ein travel kveld. Frå kjøkkenet vart det seld sjokoladekake og bakels med graut – riktig så godt! 

Torunn og Sverre er spente på om dei har vinnarlykke. Foto: Dordi J H

Som alt nemnd var det mykje folk på basaren, mest fastbuande, men og ein del påskegjester. Påskebasaren er ein triveleg møteplass som tydelegvis blir sett pris på. Det var retteleg god gammaldags basarstemning!  Og da blir lydnivået lett noko høgt.

Ingrid var på kjøkkenet, og her serverer ho graut og bakels til Per. Foto: Dordi J H

Det er Nordvik Grendalag som arrangerer påskebasaren, og leiar Karin Åsbø var riktig glad for at folk støttar så godt  opp om basaren, inntektene kjem godt med. Det kostar å halde Forsamlingshuset i stand, i tillegg har dei ansvaret for leikeplass i Sollia bustadfelt og Øygarden Stadion. Gjennom året er det mange faste arrangement; alt skjærtorsdag er det klart for det tradisjonelle seter-rennet. Seinare blir det sykkeltrim, 17. mai-feiring, jonsokfeiring, olsokfeiring og fleire andre arrangement. Vi ønskjer grendalaget lykke til med alle arrangementa utover året!

På scena var det pilkast. Her er det Oda og Idun som skal prøve å treffe blinken! Åsgeir var sjef for pilkastinga, han kunne fortelje at alle fekk premie. Foto: Dordi J H

Ann Kristin kjøper årer av Anna, Hildur kosar seg med kaffekoppen. Olmod til venstre. Foto: Dordi J H

Stort oppmøte, triveleg å treffast for prat og sosialt samvær. Foto: Dordi J H

Hans og Olmod kosa seg ved kaffebordet, og Ann Kristin synest det er kjekt å ha mor på besøk i påska. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 16. april 2019, 21:45