Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor kyrkjedag med ny prest og ny organist

Innsendt av Bernt G. Bøe Fredag 23. august 2024

Søndag tek kyrkja i Surnadal imot Pål Arne Winsnes som ny prest og Amund Valde som nytilsett organist. Begge fyller langvarige tomrom.  Winsnes blir innsett som Surnadals nye sokneprest under gudstenesta i Stangvik om føremiddagen. Amund Valde tiltrer som musikar ved kveldsgudstenesta i Ranes kyrkje.  Begge har Surnadal som tenesteområde. Fordeling av deira arbeidstid mellom ulike sokn og kyrkjer i kommunen blir gjort med heilskapen for auget.

Prost Vidar Wilhelmsen Rygh vil framleis ha mykje vanleg presteteneste. I tillegg til Amund Valde si heile organiststilling er det også utlyst delstilling som kyrkjemusikar. I denne har pensjonist Bernt Bøe jobba dei siste åra.

Stangvik på føremiddag
Under gudstenesta i Stangvik deltek mellom andre prost Rygh, fløytist Tove Elin Strand, songarar frå Stangvik og Surnadal og medlemmar av koret Prosjekt 17. Forutan organist Bernt Bøe har også Amund Valde musikkinnslag her.
Dagen er kalla Vingardssøndagen, og songen er prega av glad teneste – med salmane 547, 963, 532, 691, 563 og 419. Som vanleg er det nattverd, og takkofferet går til sokna sitt felles misjonsprosjekt.

Amund Valde er den nytilsette Surnadals-organisten. Privat foto.

Ranes om kvelden
Amund Valde står for musikken under kveldgudstenesta i Ranes og blir der presentert for kyrkjelyden. Mange vil vite at han er barnebarn av tidlegare dirigent og musikkformidlar Peder Rensvik.
 I Ranes kyrkje deltek også Tordenskjold Songlag med korinnslag.
 Vingardssøndagens gjeld Guds velgjerningar og at vi er hans tenarar. Dette høver godt med at lokalkyrkja tilset nye arbeidarar: Vi skal så, og Gud gir vokster, seier dagens bibeltekster.

Publisert: 23. august 2024, 10:16