Utstillinga «Tussmørkre» som opna lørdag ettermiddag er den siste utstillinga som Surnadal kunstforening arrangerer i jubileumsåret. Her er det til saman 10 utstillarar som stiller 41 bilder og 3 skulpturar. Det var Mette Sæter Ormset som opna utstillinga og bandet Alex Trio kasta glans over arrangementet med musikalske innslag.
Som sagt er dette siste utstillinga i eit aktivt jubileumsår for Surnadal kunstforening. Sissel Halset Storslett karrakteriserer utstillinga som ei lys og fin ustilling og anbefaler publikum å ta ein tur innom Finstuå for å sjå – utstillinga blir ståande til 12. desember, og den er open i kulturhusets opningstid. Sissel er også glad for at det alt på opningsdagen er kome raudlappar på fleire kunstobjekt – det betur nemleg at det er gjort avtale om sal og det betyr at det er god interesse for medlemane sin kunst.
Utstillarar:
Dei 10 Utstillarane er Olav Karlstad, Anne Vognild Einum, Margit Langli Wiik, Anne Grete Kvendset, Guri Midtun Seljebø, Coby Omvlee, Sissel Halset Storslett, Anne Marie Rognskaog, Rannveig Brøske og Brit Dyrnes.