Det var stor interesse for å lære om poding av frukttre, da Svinviks Arboret arrangerte podekurs laurdag ettermiddag. Det kom faktisk eit trettitals deltakarar både frå fjern og nær for å ta del i kurset som faktisk har vorte ein årleg happening i arboretet. Instruktørane på kurset var Sven Olav Svinvik, Ola Bruset, og den nye museumsgartnaren Patrik Nilsen.
Skal du få god kvalitet på eigenprodusert frukt, så må du faktisk pode frukttreet og dermed vidareføre dei gode genane. Det er faktisk genialt enkelt, men du må være veldig nøye for å få podinga til å fungere. Du treng to deler – ein grunnstamme og ein podekvist frå det frukttreet som du vil vidareføre genane til. Litt fingerferdiheit må til for å få til dette, og så må du være reinslig og ikkje ta på flatene som du skal pode saman. Du må ha ein kvass podekniv for å få gode flater og så må du ha ein strikk for å binde podeflatene saman – til slutt forseglar du skjøten/podinga med ein podevoks som tettar flatene.

Gode råd – museumsgartnar Patrik Nilsen gir gode råd om poding til ein av kursdeltakarane. Foto Jon Olav Ørsal
Grunnstammen kan være frøformerte eller vegetabilsk formerte fra frukttrær og det legges stor vekt på at dei er hardføre. Ofte blir det bruka grunnstammar frå kvede. Podekvisten hentes frå det frukttreet som du vi vidareføre eigenskapane frå og som oftast er det bruka dei mest kjente fruktslaga eller kanskje ein sort du har som har spesielle gode eigenskapar, f.eks. gode eigenskapar for lagring.

Maja Frønes sørga for traktering av nystekt eplekake og var kaffe på varmestua/Kafeteriaen. Foto Jon Olav Ørsal
Sjefen sjølv, Maja Frønes, trakterte frosne kursdeltakarar med nysted eplekake og varm kaffe. Ho kunne berette at opningsdagen for arboretet snart blir kunngjort og har alt fått bestilling på mange gruppeturar frå både pensjonistlag og hagelag som kjemp på busstur utover våren, så det lovar godt for sesongen.

Slik gjer du – binder saman dei to podeflatene med ein strikk og forseglar med podevoks. Foto Jon Olav Ørsal