Det var stor interesse for å lære poding av frukttre i Svinviks Arboret med eit knapt tjuetals deltakarar på podekurset i arboretet. Kurset er for så vidt eit ledd i arbeidet med å restaurere frukthagen som Hallvard Svinvik i si tid etablerte, og dette skjer etter økonomisk støtte på rundt 150.000 frå landbruksdepartementet. Arboretet har forplikta seg til å formidle kunnskap om poding av frukttrær og derfor har arboretet interesserte deltakarar, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret.
Katarina er leiar for prosjektet med restaurering av frukthagen medan Sven Olav Svinvik var innleidd for opplæringa i poding av frukttrær søndag ettermiddag. Sven Olav viste korleis podinga foregikk og kursdeltakarane fikk først prøve seg på kvistar, slik at dei sikra seg opplæring i korleis dette foregår for å få godt resultat. Det er veldig viktig at ein har skikkeleg kvass kniv for å få ei sikker snittflate som i neste omgang blir heldt saman og surra med band – og sia tetta med voks. Etterpå vart den nypoda greina med rotplante planta i krukke med jord, for seinare å bli planta ut i hagen. Deretter er det berre å vente til plantene får gro fast og til dei etter kvart blomstrar og kjem til å bære frukt. Det kan fort ta 3-4 og kanskje 5-6 år før det blir frukt på trærne.
Katarina Wedelsbäck-Bladh fortel at det har vore rundt 65 forskjellige sortar med epler i frukthagen i arboretet. I samband med arbeidet med restaurering av eplehagen er det montert eit par meter høgt gjerde for å halde hjort og rådyr unna. No er rundt 55 av dei 65 sortane som tidlegare fantes i hagen, og fleire av sortane som er skaffa i det siste er komne frå frukthagar i Danmark. Men Katharina fortel at dei er forsiktige med å få sortar frå andre hagar, da dei er red for å få inn sortar som kan dra med seg sjukdomar inn i frukthagen.
Etterpå var det godt med varm kaffe og sjokoladekake i arboretets kaffeteria – og utveksling av erfaring mellom interesserte fruktdyrkarar frå både nært og fjernt.
Bildeglimt frå podekurset i Svinviks arboret. Alle foto: Jon Olav Ørsal