Torsdag inviterte barnehagen i Todalen alle interesserte til kunstutstilling og sommarkaffe i Gammelskulen.
Barnehageborna i lag med styrar Jorunn Nordvik opna utstillinga. Jorunn fortalde at dei dei hadde arbeid lenge med utstillinga og samla arbeid gjennom året. Spesielt hadde dei hatt det travelt siste veka da det var viktig å få til arrangementet medan det var godver slik at dei kunne servere kaffe utandørs. Ungane song eit par fine vårsongar før gjestene fekk sjå inn og studere kunsten.
Veggene var dekte med kunst og plakatar. Her var det «sjølvportrett» frå førskulegruppa, og dei hadde også vore på besøk i atelieret til Siri Skjerve og laga riktig fine keramikkfigurar, dinosaurar. Her var det både abstrakt og figurativ kunst. Kunsten tok utgangspunkt i ulike tema som vår og vinter. Det var enkeltarbeid og fellesprosjekt. Mykje fint å sjå!
I tillegg var det plakatar som viste litt av aktiviteten gjennom året som turar til Ansneset, Kårvatn, Hjellnes, Viastuå og bilete frå Brannvernveka og frå førskuleklubben.
Publikum fekk også servert gullbostsaft – ho var kjempegod. Gullbosten hadde vore tema utover våren. I tillegg var det utruleg mange og gode kaker! Og det trongst, for det kom mykje folk; stolte besteforeldre og foreldre, søsken, naboar og vener.