Det var «fullt program» i Svinviks arboret søndag – først var det foredrag om rømte rhododendron, avløyst av ein kort kaffepause med eplekake og vaniljekrem, og til slutt var det opning av kunstutstilling i fjøset som høyrer til arboretet. Det er Sissel Halset Storslett som har separatutstilling der, og heile 26 kunstverk prydar veggane i fjøset.

Det var mange som møtte opp for å delta på kunstutstillinga i fjøset i arboretet. Tl saman var det 26 kunstverk som var stilte ut i fjøset. Foto Jon Olav Ørsal
I dag var det høgtideleg opning med skåling i alkoholfri champagne og alt som høyrer til ved slike høver. Det var mange som kom for å få med seg denne utstillinga, og det kom etter kvar raude lappar på fleire av kunstverka som hadde stor variasjon i både motiv, materielval og størrelse.
Utstillinga er opa fram til søndag 16. oktober:
Søndag 9. oktober frå 14.30 og utover
Måndag 10. til torsdag 13. oktober kl 16:00 – 18:00
Fredag 14. til søndag 16. oktober kl 12:00 – 18:00
Bilder frå utstillinga i fjøset i Svinviks arboret – alle foto Jon Olav Ørsal