Hausten er den travlaste tida for oppussing og fornying, og det var stor interesse for interiørkvelden som Byggmakker og Hageland arrangerte tysdag kveld. Det var rundt 150 interesserte som var møtt fram, og vart traktert med tacosuppe før programmet starta opp etterkvart. Måndag kveld kjørte Byggmakker same programmet på Bytås med stor suksess – over 100 møtte opp der og.
På programmet stod farger og trender med Tomas Holm frå Jotun. Han heldt eit interessant foredrag, der han presenterte Jotuns nye fargekart og fortale om dagens farger og trendar. Han hadde og kika inn i glaskula og hadde meiningar om kva veg utviklinga går med basis i mellom anna jordfargar. Jotuns fargekart finn du og digitalt, og det er berre å laste ned appen så er du i gang med fargeval på telefonen.
Etterpå var turen komen for interiørarkitekt Linda Steen, som har lang erfaring frå eige firma som heiter Scenario i Oslo. Ho kåserte om korleis ein kan finne gode løysingar på ved restaurering av boliger, og klarte å formidle sine kreative evner på ein artig og interessant måte. Ho markerte godt at ho hadde 35 år erfaring i eige firma, og hadde mange gode tips som publikum sette stor pris på. Ein enkel regel ho bruka i sitt arbeid med å skape trivelige bustader er å tilrettelegge for å drive med det du har lys til – hobbyane dine! Elles snakka ho om både fargar, trendar, materialval og korleis ho kombinerte dette.
Ein del leverandørar var også på plass for å fortelje om sine produkt, og hadde elles tips om val av løysingar for garderober, malingbruk, innreiing av bad og kjøkken. Det er faktisk artig å høre på fagfolk som har så mykje å by på når det gjelder kunnskap om produkta sine. Det var mange som nytta høvet til å spørje om ting dei hadde lura på og som trong hjelp med forskjellige spørsmål. Sjølvsagt blir slikt litt kommersielt, men det må det være lov til.