Reidar Østvik har nærast jobba dag og natt for å få fotoustillinga i kulturhuset klar til opninga laurdag. Opninga vart innleia med ein minikonsert med gitaristen og møremuskaren Øystein Sandbukt, før det var klart til å opne døra til Finstuå der utstillinga er montert. Reidar Østvik kan med god grunn være stolt av den flotte bildeutstillinga han kunne presentere for eit stort antal interesserte, og som skal henge i Finstuå fram til og med 16. mars.
Spesielt artig var det at utstillinga inneheld flotte portrett av mange kjentfol, både frå Todalen og frå Nordmøre elles. Dersom vi skal kommentere utstillinga ytterlegare må det seiast at vi er imponert over måten Reidar har klart å utnytte det naturlige lyset i portretta, for han har ikkje bruka kunstig lys på nokon av bileta. Vi anbefaler alle som har den minste snev av interesse for fotografering eller fotokunst å ta turen innom og sjå utstillinga som altså er opa fram til midten av mars.