Bygdebokarbeidet for surnadal er i gang, og først ut er Todalen og Nordvik. Her er nye og oppdaterte bygdebøker planlagt å vere ferdig i november 2014, og så kjem dei andre binda etter kvart framover til Åsskard rundar av arbeidet i 2019. Det er iet omfattande arbeid som er sett i gang. På infomøtet i Todalen var det prosjektkoordinator Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten som orienterte om arbeitet.
Den siste veka er det sent ut skjema til alle heimane i Todalen og Nordvik, og det var ein nyttig gjennomgang og mange ting å spørje om. Eit femtitals interesserte var møtt fram i Todalen oppvekstsenter for å få informasjon om korleis dette skal skje. Vidare vil grendakontaktane samle inn alle skjema og hjelpe til med utfyllinga dersom det er naudsynt. I Todalen har bygdeboknemnda eit samarbeid med todalen Historielag om hjelp til grendakontaktar.
De nye bygdebøkene blir ei busetnadshistorie som skal omfatta alle som bur eller har budd i Surnadal kommune, og vil bli skrive i ei språkdrakt som er i Hans Hyldbakks ånd i fortesettinga også. Bygdebøken blir delt i 5 deler, med tilsaman 10 bind, samt eit registerbind som omfattar alle heimane.
Les meir om prosjektet på heimesida til Surnadal kommune. Her kan du også finne kontaktinformasjon.