Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
No er utstillinga komen så langt at det går an å vise den fram, sa Terje Talgø

Stor interesse for å sjå att Trollheimsutstillinga

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2024

Folk i hopetal trossa hålkeføret og kom til Gammelfabrikken for å sjå den «nye»  Trollheimsutstillinga – og dei nye historiske utstillingane.  Godt over to hundre trossa hålkeføret og kom for å helse på Tingvollulven, og alle dei andre dyra og fuglane som er i utstillinga.  Talgø inviterte på kaffelag og omvising, og jammen fekk dei respons. 

Vidar Sogge var prosjektleiar da Trollheimsutatillinga var bygd opp på Stangvik skule – på Gammelfabrikken er det Gunnar Nordvik og Magne Søyset som har bygd oppatt ustillinga . med Anita Talgø som prosjektleiar. Foto Jon Olav Ørsal

Den nye utstillinga ligg i 2. etasjen, og der finn vi både Trollheimsutstillinga, historisk møbelutstilling for Talgø og utstilling av reiskap etter tidlegare Talgø-tilsette som har donert sine verktøy og reiskap. Dette har vore ei omfattande prosjekt, og Magne Søyset og Gunnar Nordvik har jobba med dette meir enn eit år – med Anita Talgø som prosjektleiar.  Trollheimsutstillinga hadde sin spede start ved Stangvik skule på slutten av 80-talen, men ho var etter kvart overflødig der, og har i mange år levd på lager i Surnadal og til sist i Bøfjorden.

Vi skal ta godt vare på dyr og fuglar i ustillinga seier terje Talgø – her saman med Vidar Sogge, Anne Grete Kvendset og Anne Einum. Vidar tykte det var fint at samlinga er komen fram i dagen igjen.

Talgø fekk tilbod om å overta samlinga frå Surnadal kommune, og Terje Talgø uttrykte glede over at samlinga no er på plass på Gammelfabrikken.  – Den har stor verdi for oss, og vi skal love å ta skikkeleg vare på dyra og fuglande, seier Talgø. Vi kan ikkje på ståande for love at vi skal opne utstillinga i faste tider, men vi skal etter kvart finne ei løysing slik at folk får sjå utstillinga.  Utstillinga er på langt nær ferdig enno, mellom anna står det att mykje arbeid med merking og litt finpuss her og der.

Soverom frå Talgø, produsert på 1950-talet. Foto jon Olav Ørsal

Det har vore stor interesse for å sjå samlinga, så vi tykte ikkje vi kunne vente lenger med å hå ein open dag. I fortsettinga må vi no prioritere å gjera ferdig prosjektet.

Elmer Talgø orienterte om Talgø – og Talgøfamilien i samband med den historiske møbelutstillinga.  Talgø har vore eit familieselskap heilt sia starten i 1899 – og er dermed 125 år i inneverande år.

Artig å sjå att ulven, tykte Rolf Kårvand som observerte Tingvollulven i Torbudalen før han dro til Tingvoll. Foto Jon Olav Ørsal

Elles var det ein av gjestane på dagens utstilling som kunne fortelje at han hadde sett Tingvollulven i levande live. Det var Rolf Kårvand (Han kunne forresten fortelje at han har aner frå Todalen – nærare bestemt frå Dalamelen eller rettare sagt Myrvang) som var i Torbudalen for å køyre skuterspor, da han fekk sjå to dyr som han ikkje skjønte kva var. Etterpå las han i avisa at to ulvar hadde teke turen opp Sandviksdalen og vidare til Virumdalen – og vidare utover til Tingvoll. I same avisa stod det at dei to ulvane var observert av damvaktaren på Aursjøen. 

Fleire bilde nedover rekkja her – kanskje treffer du kjentfolk?  

Det vanka mykje skryt for jobben som er gjeort med utstillinga – foto Jon Olav Ørsal

Hildegunn hadde nissesamling – sikkert todalingar? Foto Jon Olav Ørsal

Samling i peisestua for kaffelag og litt informasjon – foto Jon Olav Ørsal

Magne Søyset har bygd opp utstillinga av verktøyet til Sigrvart Husby - foto Jon Olav Ørsal

Magne Søyset har bygd opp utstillinga av verktøyet til Sigvart Husby. I tillegg er det ei utstilling av verktøy/reiskap etter Henrik Halle og Olav Stengel som også Magna har laga.  – foto Jon Olav Ørsal

Kaffelag med mykje godt til kaffen – det er ikkje spøk å få 250 på kaffelag. Foto Jon Olav Ørsal

Samling i peisestua som også er nyoppussa. Foto Jon Olav Ørsal

3 av dei som jobba med kulissane på slutten av 80-talet framfor Neådalsnota – frå venstre Anne Einum Anne Grete Kvendset og Kristin Mogstad. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. november 2024, 19:06