Onsdag kveld møttest G 10 Todalen/Søya og Bøfjorden/Bøverfjord til fotballkamp på Bordholmen. Det var stor innsats og gode prestasjonar frå båe laga, dei unge fotballspelarane var ivrige og flinke. Sjølv om dette var ein G 10-kamp, så stilte båe laga med blandingslag, men gutane var i fleirtal. Kjekt at jenter og gutar kan spele på same lag.
Vi ønskjer dei unge fotballspelarane lykke til vidare!
Open kiosk med graut og bakels er populært, kjekt å ta ettermiddagskaffen her.
Det var ikkje så mange som såg på kampen i dag, men ein bestefar hadde reist ekstra langt. Det var Stanislav Tabor, han bur i Tsjekkia og no er han på besøk hos familien i Bæverfjorden. Han syntest det var stor stas å få vere på fotballkamp og heie på barnebarnet! Det er ikkje så ofte det skjer.
Fleire bilete frå kampen mellom Todalen/Søya og Bøfjorden/Bæverfjord: