Måndag 2. oktober arrangerte Todalen skule «Skoleløp for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Her var det stor innsats og full fart med deltakarar frå 2 år til 96 år! Det er til å bli imponert av!
Deltakarane var først og fremst skuleelevane og barnehageungane, men både besteforeldre og ikkje minst Kløverturdamene stilte mannsterke. Det var utruleg kjekt å møtast på tvers av generasjonar og samstundes gjere ein innsats for eit godt formål, nemleg støtte til utdanning for barn som lever i krigs- og konfliktområde. Det er mange som lever i frykt og treng hjelp; det er store kontrastar frå fredelege Todalen til mellom anna Syria og Sør-Sudan.
Løypa gjekk frå skuleporten rundt Gammelskulen, innover skuleplassen til ballveggen, over haugen og til porten der rundar vart noterte. Elevane var dei som sprang flest rundar, fortast og lengst – innsatsen var på topp! Fleire sprang mest utan stopp bortimot ein time. Mange «sponsorar» vart nok overraska da dei fekk heim skjemaet med talet på rundar. Men både barnehageungane, Kløverturgåarane og besteforeldra fekk opp farten og gjekk fleire rundar samstundes som dei tok pausar og heia på dei som sprang.
Etter løpet var det saft, kaffe og bakels – det gjekk ned på høgkant og var vel fortent!
Og sjølvsagt var det utdeling av diplom med takk for innsatsen frå UNICEF og Todalen skule og til minne om eit kjekt arrangement.
Fint med samarbeid mellom Todalen oppvekstsenter og Todalen sanitetsforening – trur alle hadde glede av dette i dag.
Fleire bilete frå ein triveleg dag: