Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor gratiskonsert for organdonasjon

Elinor Bolme Måndag 19. januar 2015

Ingvild Kårvatn og Fay Johansen var seinhaustes i Todalen og markerte den internasjonale donordagen. No har dei utvida aspektet litt,  og inviterer til storstilt gratiskonsert for å opplyse om organdonasjon på Surnadal kulturhus, i morgon tirsdag. Mange i Surnadal ønsker å bidra, og i den anledning har blandt anna Torstein Snekvik, Svein Håvard Saksen, koret Vox, Inge Bævre, Toril Moe og Gøran Bolme sagt at JA, sjølvsagt blir vi med på dette!! Kveldens konferansier er Jenny Klinge.

Det blir ingen inngangsbillett, men dei engasjerte damene oppfordrar publikum til å bidra med eit valgfritt beløp til innsamlinga. Dei har også fått Sparebank 1SMN som hovedsponsor for prosjektet.

Les meir på Driva.no

Publisert: 19. januar 2015, 05:53