Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor glede over bokgåve til Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Fredag 16. mars 2018

Fredag fekk ungane ved Todalen oppvekstsenter overrekt ei gåve som skapte interesse, glede og engasjement; heile 56 nye bøker, 31 til barnehagen og 25 til skulen! Givaren var Sanitetsforeninga i Todalen.

Bakgrunnen for gåva er at Lesevenn er ein av basisaktivitetane til NKS, og i godt og vel eit år har tre sanitetskvinner i bygda vore lesevenner ved oppvekstsenteret. I samband med dette kunne Sanitetsforeninga gjennom NKS sentralt søke om støtte til prosjektet frå Egmont Fonden. Søknaden vart imøtekomen, og ein del av pengane er brukte til å kjøpe inn bøker til ungane.

Bøkene vart tekne i bruk tvert. Fremst ser vi mellom anna lesevenndamene May-Elisabeth Holten, Maren Ansnes og Dordi Jorunn Halle i lag med rektor Britt Mossing. Bak kamera Marit.

Det er fredag som er lesevenndag, på skulen er det da også boklån, og elevane er ivrige til å låne bøker. Da vi starta opp med lesevenn etter jul i år, kom rektor ved skulen med ønske om at vi skulle ta utgangspunkt i lokal kultur og historie. Så for elevane i trinn 3 til 7 har presentasjon av Leif Halse stått på programmet. I 3. og 4. klasse har vi lese frå «Flagg over Vangen», og for trinn 5 – 7 er det henta lokalhistorisk stoff frå Bygdeboka «Todalen» mellom anna om bjørnejakt i Todalen på 1700- og 1800-talet. Dette har vore populært, og det er også formidling av lokal kulturarv. For elevane i 1. og 2. klasse har vi lese tradisjonelle barnebøker, rim og regler. Vi les sjølvsagt mest mogleg på nynorsk.

Mykje spennande å finne i gode bøker. Foto: Dordi J H

Rektor ved skulen, Britt Mossing, var svært glad for bøkene. Det er lite pengar på budsjettet til å kjøpe inn bøker til biblioteket. Og så interesserte som elevane er i å lese bøker, er det kjekt å ha noko nytt, spennande og aktuelt å by dei – det er med å auke lesegleda!

Kjempekjekt med nye bøker! Maren og May-Elisabeth viser fram dei nye bøkene. Foto: Dordi J H

Styraren i barnehagen, Jorunn Nordvik, var ikkje mindre glad for nye bøker, ho har ikkje midlar til bokkjøp på budsjettet i år. I barnehagen blir bøkene etter kvart litt utslitt og frynsete i kantane så dei treng utskifting. Bøker er viktig i det pedagogiske arbeidet i banehagen både til språkstimulering, begrepsinnlæring og til å utvikle sosiale ferdigheiter.

I barnehagen ønskte dei seg sterkt serien «Ti små vennebøker». Bøkene som handlar om vennskap. Kvar bok har eit emne: Seie unnskyld, Dele, Vente på tur, Seie stopp, Roe seg ned, Bli einige, Snakke om det, Samarbeide, Spreie glede og Vise kjensler. Barnehagen hadde frå før plakatane i serien til samtalar, men hadde ikkje hatt råd til å kjøpe bøkene. Dette blir kjekt å bruke i samlingsstundene framover.

Klar for å ta fatt på «Ti små vennebøker». Foto: Dordi J H

May-Elisabeth Holten har kjøpt inn bøkene i samråd med Britt og Jorunn, og bøkene er kjøpte på bokhandelen i Surnadal – det var Mammutsalg så det vart til dels nokre godkjøp. Både skulen og barnehagen er glade for å kunne samarbeide med Sanitetsforeninga, lokalt engasjement er ein styrke for oppvekstsenteret.

Språkstimulering og lesing er satsingsområde i barnehage og skule, og vi håpar dei nye bøkene vil gi mykje glede for små og store framover!

Populært med nye bøker. Dei vaksne er frå venstre Jorunn Nordvik, May-Elisabeth Holten og Maren Ansnes. Foto. Dordi J H

Godt å ha ei bok i handa! Foto: Dordi J H

May tok seg tid til å lese til lydhøre gutar. Foto: Dordi J H

 

 

Først publisert: 16. mars 2018, 21:17 - Sist oppdatert: 18. mars 2018, 11:53