Tysdag kveld var det stor givarglede da Todalen Sanitetsforening arrangerte sin årlege basar. Berre på førehandssalet kom det inn godt over 22.000, og i tillegg kom det inn mykje på kveldens basar. Maren Ansnes som er leiar i i foreninga rosa sambygdingane og tykte dei var rause til å støtte den gode saka til Sanitetskvinnene.

Kveldsmat og kaffe til alle på basaren – her er Ingeborg Talgø, Jenny Kvendset, Ingrid Pedersen og Dan Roger Pedersen samla rundt kaffebordet. Foto Jon Olav Ørsal
Maren tykte det var godt å få arrangere ein skikkeleg basar igjen. På grunn av pandemien har det ikkje vore arrangert basar sia 2019, og sjølvsagt var ho spent på responsen, slik som tida har vorte no. Men akkurat det trong ho nok ikkje bekymre seg for etter som basarfolket var rause og tok djupt nedi pengepungen, der sanitetskvinnene kvitterte med gratis kveldsmat og kaffe til basarfolket.

Markus og Lukas frå Florø var med bestemor Solvår på basar og jammen gjorde dei to eit stort innhogg i barnebordet. Foto Jon Olav Ørsal
Massevis av flotte basargevinstar var sjølvsagt med og gjorde basarborda freistande – med eige barnebord som den yngre harde sette stor pris på. Totalt kom det inn 40.700 fortel Ragnhild A. Moe som er kasserar i foreninga – og det er dei sjølvsagt storfornøgd med. Ho takkar til alle som var med og bidrog til eit så godt resultat!
Nederst på sida finn du trekningslista – eller du kan laste ned trekningslista som PDF-fil her!

Karrabord med habile årekjøparar. Frå venstre Øystein Moe, Tor Holten, John Moe, Knut halset og Anders Halset. Foto Jon Olav Ørsal