Måndag kveld var det dugnad på kyrkjegarden, og med Terje Nordvik som hovedbas gjekk det som på skinner. Lista hans var lang, men sidan rundt 30 personar møtte opp gjekk det jaggu unna. Heile kyrkjegarden vart raka, inngangspartiet kosta, svokk ifylt, kyrkjemur oppretta for å nemne noko. Ellers vart det planta i krukkene ved inngangspartiet som kjem til å pryde både i høve konfirmasjonsgudstenesta førskommande søndag, og 17. mai på tirsdag.
Etterpå vart det ein velfortjent kaffepause med både påsmurt og anna kaffebrød.
Under er nokre bilder frå kvelden. Alle foto Elinor Bolme