Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor deltaking på romjulsmarsjen 3. juledag

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. desember 2014

Årets romjulsmarsj sette ny deltakarrekord – nærare 170 deltakarar var registrert, og tok runden rundt bygda på det fine føret. Litt kald var det, men folk var både godt kledd og godt skodd – så det var ingen som klaga om gradstokken kom ned mot -10 grader.  Det er artig å være arrangør når ein får slik respons seier Jorunn Nordvik, som er leiar i TILs trimgruppe som var arrangør.

Trimgruppa hadde mykje å by på til deltakarane på romjulsmarsjen.  Det var quiz, med 14 aktuelle spørsmål  – her var det ingen som hadde svart rett på alle spørsmåla, men 3 som hadde 12 av 14 rett – her vart Team Elvestad trekt ut som vinnarar. Gjettekonkurransen for nøtteglaset var det Ingri Bruset som hadde beste resultat på – tipp 277 og rett svar var 278.  Lotteriet hadde 5 fine koppar som gevinstar – her vart vinnarane Synnøve Talgø, Johanne Halset, Maria og Ingebrigt Bergli, Trygve Alexander Halle og Bodil Kvendset.

På runden rundt bygda var det nok mange som bruka lang tid på i dag. Det var mange som trefte kjentfolk og fikk høve til å slå av ein prat med både naboen og med folk som ein ikkje treffer så ofte. Du kan nemleg bruke den tida du treng på runden rundt bygda som er temmeleg nøyaktig 6 km når du går «storrundt» om Bruset. Alle som fullførte fikk kvar si fine medalje og det var sjølvsagt spesielt populært blant dei minste.

Vi har lagt ut spørsmåla frå RomjulsQUIZ slik at du kan laste ned og prøve deg – før du laster ned FASITEN for å sjekke resultatet.

Sjå i bildegalleriet nedafor – her treffer du heilt sikkert kjentfolk! Romjulsmarsjen som hadde nærare 170 store og små deltakarar. Vi har lagt på fornamn – å finne etternamnet blir din neste Romjulsquiz!  Alle foto: DRIVA/Jon Olav Ørsal

 

 

 

Først publisert: 27. desember 2014, 19:20 - Sist oppdatert: 28. desember 2014, 14:49