Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor åpningsfest utgår

Elinor Bolme Sundag 7. juni 2020

Søndag 14. juni var det planlagt storstilt åpning av Toåa Tursti. Som følge av korona og restriksjonane som er sett i forbindelse med dette har kommuneoverlege Bjørn Buan anbefalt å utsette ei storfeiring til hausten. Derfor blir det berre ei lita markering til grunneigarar, sponsorar og andre bidragsytarar/samarbeidspartnerar denne dagen, fortel Michal Heimlund.

Turstien er no heilt ferdig fra Bønnavollen og fram til området bak Gunnøya. Det er sett opp sperring ved avkjørsla frå hovudvegen, men det er opparbeidd godt med parkeringsmulegheiter her. Resten av stykket som det er søkt midlar på vil bli utbetra no ganske snart når første runde med slått er ferdig i området. 

Opparbeidd parkeringsplass. Det går også an å parkere ved kirka.

Publisert: 7. juni 2020, 15:30