Etter at Barne- og ungodmsgruppa i Todalen Idrettslag fekk ferdigpreparert skeiseisen på Bordholmen stadion søndag ettermiddag, har det vore stor aktivitet på skeiseisen kvar einaste kveld. Det har vore mellom 15 og 20 ungar/ungdommar kvar einaste kveld, sjølv om gradestokken har vist mange blå grader.
Da vi tok ein tur nedom skeiseisen onsdag kveld, var det 14 ungar/ungdommar som hadde møtt opp for å gå på skeiser og for å spele ishockey. Gradestokken viste rundt 4 – 5 minus, og det var litt snø i lufta, så isen måtte måkast for snø før isen vart i tipp topp stand.
Todalen Idrettslag har investert i nye ishockeyvant og snøfresar for å gjere prepareringa av skeiseisen enklare. Vanta og snøfresaren vil bli levert i starten av neste veke fekk vi opplyst.