Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor aktivitet med overskudd i 2017

Elinor Bolme Fredag 16. mars 2018

Todalen IL samla i kveld i underkant av 20 av sine 280 betalande medlemmar til årsmøte i Todalen Ungdomshus. Men med ei fyldig sakliste og strukturert møteleiar vart det eit godt og effektivt årsmøte. Alle årsmeldingane i dei ulike undergruppene viste at idrettslaget også i 2017 hadde hatt eit aktivt idrettsår. Resultatet kom på nesten 70 000 kroner i pluss, der laget hadde totale inntekter på 771 000 kroner og da med utgifter på rundt 703 000 kroner. 

Møteleiar Ragnar Halle og sekretær Rune Moe held orden i møteagendaen.

Jorunn Nordvik hadde hatt ansvaret for trimgruppa i året som var gått, og hadde saman med sine medlemmer mykje aktivitet å vise til i si årsmelding.

Ny leiar på plass

Valgkomiteen hadde i år hatt ein litt større jobb enn vanleg kunne komitéleiar Carina Talgø fortelle. Både leiar Steinar Frøystad og  sekretær Rune Moe i hovedstyret takka for seg. Dermed vart det både litt nytt, og litt gamalt blod inn i det nye styret; Nils Ove Bruset tok på seg leiarjobben, medan Elisabeth Kjos vart innvald som sekretær. 

Det nye styret vart dermed slik:

  • Leiar Nils Ove Bruset
  • Nestleiar Steffi Bohle
  • Sekretær Elisabeth Kjos
  • Kasserar Michal Kallseth Heimlund

Alle dei andre tillitsvalgte i undergruppene finn du her:Val på årsmøtet i Todalen Idrettslag 15.3.18

Steinar Frøystad takka av etter sine år som leiar. Michal Heimlund valgte å ta gjenvalg i jobben som kasserar. Idrettslaget har dei siste åra hatt Surnadal Regnskap AS (no Statera Økonomi) til å føre regnskapet for seg.

Ekstraordinært årsmøte må til

Saka om godkjenning av dei nye generelle vedtekten som alle idrettslag er pålagt å ha, vart etter diskusjonar rundt borda ikkje godkjente av årsmøtet. Denne var alt for mangelfull framlagt av styret til at årsmøtet godtok å vedta den. Dermed må det nyvalgte styret starte sin jobb ganske så snart med å justere desse slik at eit ekstraordinært årsmøte skal kunne vedta dei innan 31.5.18. 

Toåa Tursti ein realitet

Ellers valde årsmøte å godkjenne innstillinga til å sette av 250 000 kr i eigenkapitalgaranti til å fortsette med prosjektet Toåa Tursi frå Bønnavollen og ned til Halsabrua. Prosjektgruppa for dette kan dermed fortsette arbeidet opp i mot ulike instansar for å realisere denne heilårsstien.

I tillegg vart fjorårets vedtak om å avslutte campingdrift i regi av idrettslaget oppheva, for å sjå om dette kanskje kan gjennomførast likevel basert på god inntekt i siste sesong.

Budsjett frå minus til pluss

Kasserar Michal K Heimlund avslutta årsmøtet med å legge fram eit budsjett med 1400 kroner i minus. Men med fleire gode forslag undervegs, endte årsmøtet med å vedta eit budsjett med 48350 kroner i pluss i staden. Her blir det med andre ord nok eit aktivt år innad i Todalen Idrettslag, med mange muligheiter til å delta både på underhaldning, sportsleg aktivitet og ikkje minst dugnad.

Og om du ikkje er medlem i Todalen IL enda, så ta kontakt med Michal på mail michal.heimlund2@svorka.net så blir det ordna. Kun 150 kr i kontigent, med fri bruk av alle fasiliteter som idrettslaget har.

 

 

Publisert: 16. mars 2018, 00:17