Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Stjernemateriale» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. oktober 2020

Måndag 19.oktober klokka 19:00 kjem Teatret Vårt til Surnadal kulturhus med den lattervekkande teaterkonserten «Stjernemateriale», som etter førehandsomtalen har gjeve mange av dei besøkande»gåsehudfaktor». 

På scena møter vi ei gruppe unge menneske som ikkje aner kva dei er med på. Dei trur dei har meldt seg på ein talentkonkurranse, men har hamna på ein underleg og forlaten stad. Det heile viser seg å bli alt anna enn det dei hadde sett for seg.

«Stjernemateriale». Foto: Tingh

Ein annonse som søkjer etter talent publiseres på sosiale media. Dei som svarer på annonsen, får beskjed om kvar dei skal møte opp. Der hender det merkelege ting og oppstår komiske augneblink. Alt framstår meir og meir som eit mysterium. Kva kjem så til å hende no? Vil draumane deira bli oppfylt? Og kven var det eigentleg som skreiv annonsa? 

Teaterstykket handlar om menneske som leitar etter seg sjølv. Dei jaktar på å vinne ry og merksemd, men finn noko heilt anna. 

«Stjernemateriale» fekk terningkast fem i Sunnmørsposten, som skreiv: «Ta med ungdommene og se et teaterstykke som både underholder og utfordrer».

Billetter til teaterkonserten før du kjøp her Surnadal kulturhus.

«Stjernemateriale». Foto: Tingh

Publisert: 15. oktober 2020, 08:21