Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Stjerne over livet» vart ei høgtidsstund i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2024

Det var mange som hadde funne vegen til Todalen kyrkje søndag ettermiddag, da P17-koret inviterte til til konserten «Stjerne over livet» – songar ved juletid som det står i førehandsomtalen. I dagens konsert var P17-koret forsterka med eit stykarar og blåsarar i tillegg til bruk av eigne solistar – Nora Bøe, sopran, Turid Røen Kroknes, alt og Øystein Moe, tenor.  Dirigent var som vanleg Bernt G. Bøe, og han presenterte koret – 6 medlemar som kjem frå 5 forskjellige nasjonar – godt gjort så mykje uro som det er i Europa.

P17-koret i Todalen kyrkje i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Konserten starta med «Det lyser i stille grender» som allsong, forsterka av kor og orkester.  Vidare vart det både Julemotett, Julevise, Stille Nacht, Julenatt og «Det tona i ei midnattstund med variasjonar i kor og orkester før det igjen var tid for allsong – «Eg er så glad kvare jolekveld».  Vidare fekk vi høre 6 satsar frå Johann Sebastian Bachs Juleoratorie før det vart allsong med «Høyr kor englar syng frå sky».

P17-koret i aksjon i Todalen kyrkje i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Vidare i programmet kom «Betlehems stjärna», «Det står ei stjerne», «Til eit lite barn» og «I den søte juletid» med forskjellige variasjonar i kor og orkester før konserten vart runda av med «Deilig er jorden»  med dei to første versa med kor og orkester, og siste verset med allsong i tillegg. Det vart faktisk ei høgtidsstund i kyrkja i ettermiddag, og dermed lett å kome i god julestemning, sjølv om det enno kanskje er litt tidleg.  

Musikalsk leiar: – Bernt G. Bøe er primus motor og dirigent for P17-koret. Foto Jon Olav Ørsal

Solist (sopran) I p17-koret – Nora Bøe. Foto Jon Olav Ørsal

Solistar i P17-koret – Øystein Moe (tenor) og Turid Røen Kroknes (alt) Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. desember 2024, 17:13