Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«StikkUT!-tur» til Svorka og Bjorvollen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. juni 2014

Tysdag 3.juni arrangerte StikkUT! og Surnadal kommune tur  til Svorka og Bjorvollen. Ordføraren var tursjef, og det var i alt om lag 50 ivrige turvandrarar i det nydelege veret. Vi starta ved  Svorkbrua i Bøverdalen og gjekk etter fin skogsveg innover mot Svorka og Bjorvollen, godt og vel 3 km.

IMG_1641

Fin turveg til Svorka. Foto: Dordi Jorunn Halle

StikkUT!-posten er plassert i tvillingløå på Bjorvollen. På tur tilbake var det kaker, kaffi og saft i Utistun i Svorka. Gerd Marie Sæterbø fortalde om historia til  dei to Svorkagardane: Austistua og Utistua.  Vi fekk også høyre artige Svorkahistorier, og hadde ein både triveleg og interessant tur.

Surnadal kommune er ny  StikkUt!-kommune dette året, og no er det plassert 9 postar i kommunen på StikkUT-kartet til Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal mellom anna Svinvikrunden og Strengen.

IMG_1656

Gerd Marie Sæterbø orienterer

IMG_1653

Utistuå Foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_1649

Dette var eldhus før dei måtte ta det i bruk som bustad da stuåhusa brann i 1918. På bildet Hans Gundersen. foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_1646

Tvilling-løå på Bjorvollen. Foto: Dordi Jorunn Halle

Først publisert: 7. juni 2014, 16:51 - Sist oppdatert: 8. juni 2014, 09:46