Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

StikkUT! til Storhaugen i Todalen

Elinor Bolme Sundag 26. april 2015

Det er no andre sommarsesongen at Surnadal kommune er med i Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal si satsning StikkUT! Dette er eit lågterskeltilbud i kommunane der formålet er å flest muleg ut på tur i nærmiljøet. Turane registrerast aller heldst via www.morotur.no på nett, men det er også bøker utlagt på dei einkelte turane, og ein ser ei betydeleg auke i besøk rundt om i samtlege kommunar som deltek i opplegget i fjor.

Sesongen startar 1. mai og varar ut oktober månad. Stikk UT! har vore ein suksess frå første stund. Dette er eit tiltak som har fått nye folk ut på tur.  StikkUT!-ansvarleg i Surnadal kommune er Norunn Holten, og ho oppfordrar folk om å registrere seg på nett! Dei som er registrerte med minst 7 turar der, kan bestille årets Stikk UT!-krus ved sesongslutt.

På kvart turmål ligge ein unik kode som ein må notere seg og legge inn på profilen sin når ein kjem heim. Registreringa på nett opnar 1. mai. I uke 18 og 19 sendes årets Stikk UT! –kart til alle husstander i medlemskommunane i Nordmøre og Romsdal. Kartet viser samtlige Stikk UT!-turmål og har også informasjon om korleis ein registrerer turane ein har vore på.

Stikk UT!-måla i år:

Dei same som i fjor + tre nye turmål: Ein rundtur om Storhaugen i Todalen, Salvatna i Øvre Surnadal og turen frå Heggemsneset til Kallset i Bøfjorden.

Skjermbilde 2015-04-25 kl. 23.25.07

Alle turane er skilta og gode beskrivelsar av dei er lagt ut på morotur.no. Eit forbehold må takast i forhold til Salvatna, der ein må vente til telen er gått for å få pålane i jorda.
Kommunen ønskjer å senke terskelen for at folk skal ta ut på tur. Parkering er til dømes avklart ved alle turmåla.
Holten oppfordrar til å sjekke om kodane er lagt ut på turmåla før du drar no først på sesongen. Dette gjeld  særleg i høgda der det tidleg i mai kan vera føre verken for fot- eller skitur. Av turane i Surnadal gjeld det først og fremst Sula og Salvatna.

 

13. mai blir det arrangert fellestur i Svinvika saman med ordførar Lilly Gunn Nyheim.

Premiering blant deltakarar busett i Surnadal:

  • Gåvekort på 500 kr blir trekt blant deltakarar som har vore på alle Stikk UT!-måla i kommunen.
  • Gåvekort på 500 kr. trekt blant alle registrert deltakarar frå Surnadal.

Surnadal kommune som bedrift vil også i år ha eit internt opplegg med premiering av deltakarar blant sine tilsette, og dei som arbeider med Stikk UT! vil oppfordre andre bedrifter om å gjera det same!

Les meir i Friluftsrådet si pressemelding: Pressemelding om Stikk UT! -sesongen 2015

Publisert: 26. april 2015, 15:53