Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk UT! avanserer

Elinor Bolme Torsdag 29. desember 2016

Prosjektet Stikk UT! har vorte så godt motteke, at Friluftsrådet Møre og Romsdal no lanserer Stikk UT Ski! i 8 kommunar. Denne nye aktiviteten med registreing av turar for dei med ski på føtene er gjeldande i perioden 1. januar til 17. april, dersom vër og føreforhold er tilstades naturleg vis. Surnadal kommune er sjølvsagt med, og har fått tildelt 3 turmål. Klåberget på Kvanne og Løålikjølen og Garthøgda på Nordmarka.

Turen til Klåberget ligg i den nyoppretta traseen som IL Søya hadde klare til fjordårets vintersesong. Oppstart ved Vang, og går oppunder Strengen. Les heile turbeskrivelsen her.

2017 er regna som eit prøveår for Stikk UT! Ski og graden av tilrettelegging kan derfor variere. Friluftsrådet presiserer at dette er ein turkassetrim for dei med ski på beina. Idrettslaga som har ansvar for løypene ønsker ikkje at folk går til fots i skiløypene.

Sjå oversikta over alle turane på mrfylke.no eog les meir om stikkUT Ski på stikkut.no

Publisert: 29. desember 2016, 19:55