Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk UT! Sommar er i gang!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. mai 2024

Friluftsrådet inviterte til opningsfest for Stikk UT! sesongen 1. mai i Kavlvegen kultursti.

Ved Lomtjønna oppe på Surnadalseidet vart dagen markert med kaffelag ved kvilebua. Veret var rett så fint og oppmøtet stort. Vertinner var Norunn Holten, Lilli Husby og Mari Fjærvik. Dei serverte kjøle god smørgraut, bakels, heimelaga syltety og frukt. Turgåarar i alla aldrar kosa seg i finveret!

Synnøve og Nils Gjeldnes. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Vegen fram mot kvilebua ved Lomtjønna. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kavlvegen er ein av dei nye Stikk UT!-turane i Surnadal denne sesongen, ein familievennleg og interessant tur! Her var det ungar som sykla og ungar i barnevogn. Utgangspunktet for turen er museet på Åsen – her er det parkeringsplass. Oppå Galtmettet er det HC-parkering. Det er også montert nye tavler med interessant og god informasjon.

Det er fleire informasjonstavler langs Kavlvegen, dei er det vel verdt å lese. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kjøle vått lags kavlvegen bortover myra. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Den gamle Kavlvegen datert til 1160 er eit freda kulturminne. Den nye Kavlvegen er bygd etter ide og tradisjon frå den gamle vegen. Slik som myra oppå Eidet var i dag, er det lett å forstå at det trongst tilrettelegging for å ferdast over myra. Det var kjempevått!

Dagen varta også opp med ei naturoppleving av dei sjeldne. I utkantane av tjønna var det full aktivitet eit stort antal med froskar. Dei var samla i grupper, kjøle spennande å sjå. Her skulle ein hatt eit skikkeleg kamera.

Vårslepp for froskane. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Store flokkar langs kanten av vatnet – spennande å oppleve! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Den nye Stikk UT!-appen ser ut til å ha nokre utfordringar for å bli fullt ut brukarvennleg. Men det var tal om at oppgraderingar og feilrettingar skulle skje i løpet av dei første dagane.

todalen.no ønsker alle ein fin og god tursesong!

Fleire bilete:

Folk hadde det triveleg i finveret! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fin samlingsplass. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Mykje godt å forsyne seg av! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her er turmåla i Surnadal, Sunndal og Heim kommunar:

Turmål

Heim

139. Bettenneset, Betna i Halsa
140. Botnasetra
141. Brekbakken
142. Elvepromenaden
143. Fossen
144. Hestnesdalen, -kulturvandring
145. Høgheia
146. Håssobandsteinen (ny)
147. Jøssavollhaugen (ny)
148. Kløftheia (ny)
149. Liabørunden, Liabø
150. Liautgarden
151. Ljøsvatnet (ny)
152. Megardsvatnet Friluftsområde
153. Myrafjellet
154. Møkkelfjellet fra Fjærlia
155. Plassabekken på Vennastranda
156. Seterfjellet fra Botnavatnet
157. Skorroskallen
158. Svendshaugen
159. Tussan

Surnadal

370. Hjelmen
371. Hyllrabben (ny)
372. Kavlvegen -fra Åsen (ny)
373. Kleiva, Skei
374. Klåberget
375. Langøya (ny)
376. Mulneset
377. Sjøasetervatnet
378. Skarven
379. Strandasetra
380. Svartvassparken (ny)
381. Svinvikrunden, Svinvika
382. Toåa tursti

Sunndal

  1. 354. Børsetkjerringa
    355. Drivapromenaden
    356. Ekkertind, Gjøra
    357. Fagerhaugan
    358. Håsøran
    359. Innerdalshytta (KNT-hytte)
    360. Karihaugen fra Leikvoll (ny)
    361. Kongelhjellan – Grøa (ny)
    362. Lundlia, Åmotan
    363. Seljebøvatnet/Ålvatna
    364. Trolltind, Jordalsgrenda
    365. Varghaugen, Jordalsgrenda
    366. Vettafjellet
    367. Vollasetra, Gjøra (KNT-hytte)
    368. Øver Løkhammaren-Vinnu (ny)
  2. 369. Åmotan

 

 

Publisert: 1. mai 2024, 19:25