Laurdag 31. oktober var siste dagen i Stikk UT!-sommarsesongen, da var det registrert 2015 besøk i Svinvikrunden; 770 fleire turar enn i 2019. I rundturen om Tjønnmyrane er det registrert 1013 besøk; nesten 400 fleire besøk enn i fjor. I Møre og Romsdal er det registrert om lag 850 000 trimturar med over 32 000 deltakarar! Det gjer at årets Stikk UT!-sesong går inn i historia som tidenes rekordår!
Stikk UT! er kvardagstrim som motiverer folk til å koma seg ut for å få mosjon og frisk luft og til å finne gode, trygge og kanskje nye turmål. Grunnen til så overveldande stor deltaking i år er nok delvis koronapandemien. Folk vart og er oppfordra til minst mogleg kontakt med andre, da er friluftsliv og nærturar gode og trygge aktivitetar.
I Surnadal kommune er det Kleiva som har flest besøk med 2280 turar og 758 deltakarar, men Svinvikrunden har 794 deltakarar og kjem slik på førsteplass på lista over turmål i kommunen. Oppå Tjønnmyrane er 460 unike brukarar.
Når det gjeld Bjøråskaret, er det nedgang i registrerte turar samanlikna med 2019; 127 besøk. Men snøen låg lenge i fjellet i år, så sesongen der vart kort.
Det nye turmålet på Årnes til Årneshola og «Ja-benken» er populært med 473 deltakarar og 798 registrerte besøk.
Svevestien ved Atlanterhavsvegen er det mest besøkte turmålet i området til Nordmøre og Romsdal friluftsråd med nesten 16 000 besøk og 7962 deltakarar .
Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal melder at det blir Stikk UT! Ski frå 15. desember til 2. påskedag 2021. Det er også planer om å få til eit opplegg med Stikk UT! vinterfotturar; det blir i så fall nytt av året.
Stikk UT! og anna tilrettelegging for turar og fysisk aktivitet betyr mykje for mange og er svært viktig for folkehelsa. Når ein tek ein runde i Gammelvegen, oppå Tjønnmyrå eller i Toåa tursti så møter ein stort sett kvar gong andre turgåarar; både ungar, ungdommar og godt vaksne! Oppå Tjønnmyrå er det ofte stor aktivitet rundt gapahuken og i klatrejungelen; her trivst ungane godt både sommar og vinter!
MEN om sesongen for Stikk UT! er slutt, er det like viktig å stikke ut!