Stikk UT!-kontakten i Surnadal kommune, Norunn Holten, melder at det no er opna for registrering av turkode i Bjøråskaret:
«Vi har fått sommaren riktig kasta over oss i år, og derfor kan vi opne Stikk UT!-posten på Bjøråskaret litt tidlegare enn forventa! Frå i morgon av (tysdag 5. juni) kan du derfor registrere turkoden ved den store steinen oppi Bjøråskaret. De må no ikkje snu der ved steinen, da! De må gå vidare til sjølve turmålet, for det er jo utsikten oppi toppen av skaret som gjer turen verd å gå!»
GOD TUR!