Flott start for ny Stikk UT!-sesong; nydeleg ver og stor aktivitet i trimrundane! Flest besøk i Surnadal kommune har det i løpet av dagen vore på den nye trimposten på Roparen i nedre Surnadal, men det var mange som var ute på trimtur både på Storhaugen og i Svinvikrunden.
Stikk UT! er turkassetrim, men i tillegg kan trimmarane registrere seg på nett frå 1. mai til 31. oktober. Friluftsrådet skriv at det viktigaste er sjølvsagt at folk kjem seg ut i naturen og får fine opplevingar og mosjon, men dei oppfordrar også trimmarane til å registrere seg på nett for slik å dokumentere aktiviteten og ferdselen til ulike turmål.
I Svinvikrunden er det stor trimaktivitet heile året da det er lite snø der. Der er det fint og godt underlag å gå på, og med fin utsikt utover sjø og fjell er dette ein triveleg tur. Svinvikrunden er fin familietur, her kan ein ta med dei minste i barnevogn. Tidleg på dagen møtte vi Margrete og Ingeborg frå Surnadal ved turkassen, dei noterte turkode for å registrere turen på nett. Dei hadde med kaffe og niste, så dei skulle kose seg og nyte utsikten frampå Kammen.

I Svinvikrunden er det fint å ta med heile familien, og med barnevogn blir det ekstra god trim! Kristina har Live i vogna, og Liv er bak bestemor Ragnhild. Foto: Dordi J H
Malin og Ane på seks år og Bjørnar på ni år møtte vi på Haugligardane. Dei var ikkje utslitne, dei syntest korkje det hadde vore bratt, langt eller drygt å gå oppå toppen av Storhaugen! Bjørnar fortalde at han hadde som mål å ta turen til alle dei tolv turmåla i Surnadal kommune i løpet av sesongen!
STORSETRA
Storsetra ute i Stangvika er ein av dei nye trimpostane i år. Trimposten er 400 meter over havet, og når turen startar nede ved sjøen og er 2,2 km lang, blir denne turen skikkeleg god trim i jamn motbakke! Men det er fint å gå – mestå traktorskogsveg heile strekninga og utsikten er fin! Her ser ein innover Todalsfjella og utover fjorden, og mot Nesøya, Neslandet, Halskammen og Stortuå, Meisingset og Vågbøen. Mange i nærmiljøet bruker nok denne fine turruta jamt. Viss ein synest dette blir litt mykje motbakke, kan ein gå etter skogsveg frå Bøkeskogen.
Stikk UT-turmåla i Surnadal kommune i år er:
- Ytter Sulå, Nordvik
- Svinvirunden
- Kleiva
- Storhaugen
- Kallset, Bøfjorden
- Bølia
- Kristiansvarden på Skarfjellet ( frå Kvennbøen)
- Solemssetra frå Litjvika ( Start frå Solem i Hamnesfjorden)
- Syltnebba frå Surnadalsøra
- Liabekken om setervegen (Øvre Surnadal)
- Roparen (frå Alpinsenteret)
Da det kom mykje snø i slutten av april, blir det ikkje turkode på tre av turmåla før seinare uti mai, nemleg: Bølia, Kristiansvarden og Liabekken.
Da er det berre å håpe på godt trimver framover!