Sesongen for Stikk UT!-sommar er no halvgått, og det er stor aktivitet i Stikk UT!-turane i Todalen. Toåa tursti har klart flest besøk i Surnadal kommune.
Toåa tursti er eit svært populært turmål og har heile 1277 registrerte besøk kvelden 23. juli. Turstien er tilrettelagt for alle, ei fin rute både for barnefamiliar, kvardagstrimmarar og for dei som vil springe fort! Og det er fine rasteplassar langs turruta, så alle vil finne ein god kvileplass. Og om det regnar, er det to gapahukar der ein kan finne ly.
Turstien vart delvis øydelagd av flaum og uver sist haust og vinter, men no er det gjort utbetringar så det er greitt å ta seg fram.
Svinvikrunden har nest flest besøk i kommunen så langt med 1204 registrerte turar. Her kan ein få opp pusten i motbakkane, og utsikten er flott! Og når ein går oppover bakkane og svingane frå Svinvika, kan ein tenkje på at dette var bilvegen inn til Todalen fram til 1938.
Andre turar i nærområdet er Åsbøsnyta og Mulneset. På grunn av diverse arbeid i skogsvegen har det vore litt vanskeleg å finne ruta oppover til Åsbøsnyta i det siste, men no er det merka og skilta på nytt, så det skal vere greitt å finne fram. Mulneset er godt besøkt med 685 registerte turar, her er startpunktet Søyabanen.