Avisa Driva i lag med Surnadal kommune arrangerer Stikk UT!-tur til Storhaugen onsdag 8. juni kl. 18.00. Det er oppmøte og parkering ved Todalshytta. Ola Bruset blir med som lokal kjentmann. Frå Driva stiller Grete Grimsmo Wågbø og Geir Forbregd, og Norun Holten blir med frå kommunen. Driva bruker å ha Stikk UT!-tur kvart år, men det er første gongen i Surnadal kommune.
Kveldsmat og natursti oppe på Storhaugen
Oppe på Storhaugen blir det natursti og konkurransar for ungane i regi av Driva. Det blir premiering! Kommunen serverer kveldsmat, fortel Norunn Holten. Det blir godt etter å ha gått opp bakkane til toppen.
Nedturen går til Brusetnesset og utover langs elva til Fosstrøinn og Bruset. Det er meldt godver!
ALLE ER VELKOMNE TIL Å BLI MED PÅ TUR!
NB! Turen til Haukarsteinen som trimgruppa hadde på plana si denne kvelden, er utsett til seinare i sesongen.