Kulturkontoret melder: «Da er ny Stikk UT!-vinnar trekt, og den heldige vinnaren av gåvekort for juli månad vart Karin Sunde, Grimsmomarka. Ho har vore på fleire Stikk UT!-turar, men det var ein tur til Langvatnet som sikra henne premien. Vi gratulerer med ein velfortent sommarbonus!
Kulturavdelinga i Surnadal trekkjer eit gåvekort på 500 kroner blant Stikk UT!-deltakarane i kommunen kvar månad så lenge sesongen varer. Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med postadresse i Surnadal kommune, er med på trekninga. Jo fleire registrerte turar, jo større vinnarsjansar, og det er enno ikkje for seint å melde seg på!»
Frå 1. mai og fram til no er det registrert 4785 turar på Stikk UT!-postane i kommunen. Siste månaden er det registrert 1435 turar – berre ein liten nedgang frå dei to første månadene, det viser at trimmarane held aktiviteten oppe! Svinvikrunden er framleis den mest populære trimposten med 904 registrerte turar. I turboka er det notert heile 2420 turar! For dei andre trimpostane i nærområdet er stillinga slik: Storhaugen har 388 registrerte turar, Ytter Sula 87 og Strengen 281. Marit Haugen har så langt heile 41 turar oppå Strengen – slett ikkje verst!
Det er 25 personar som har besøkt alle dei tolv Stikk UT!-postane i kommunen – da har dei gått 74,8 km og «klatra» 4303 høgdemeter!

På tur ned frå Strengen. Foto: Dordi J H