Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk ut ……..

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mars 2015

Dagane er lyse og solrike, og det er tid for å «stikke ut» ein tur. Gammelvegen uti Svinvikhamrane er no heilt bar og tørr, så der er det fint å gå tur no. I dag var May og Tor ute og kosa seg i finveret – dei praktiserer kvardagsrehabilitering på ein fin måte! Oppe på høgaste punktet av vegen er postkassa med «Stikk ut-boka», der kan ein skrive namnet sitt.

Fint å gå tur oppi Gammelvegen.

Fint å gå tur oppi Gammelvegen. Foto: Dordi Jorunn Halle

Nede i vegen rett innafor Svinvik hadde eit par oppvelter lagt seg over og snarra seg inn i ein påle med leidningar. Tru om det er telefonsambandet til Gjeldnes som er i trøbbel?
God tur ut!

IMG_3953

Her inni er boka for å skrive namnet sitt. Foto:Dordi Jorunn Halle

IMG_3942

May og Tur Holten er ofte ute på tur – det er så godt for helsa! Foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_3934

Oppveltene ligg rett over leidninga. Foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_3929

Tru kor lenge leidninga held? foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 15. mars 2015, 22:52