I helga har det vore WorldCup-satsing for landslaget i randonee – laurdag var det sprint som stod på programmet, og det vart ein stor dag for dei norske deltakarane klarte å kvalifisere seg til kvartfinalen. I klasse menn senior deltok Hans Inge Klette (13.-plass), Erik Kårvatn (24.-plass) og Trym Dalset Lødøen (28.-plass) – her var det 76 deltakarar. I dameklassen startet Ida Waldal, som hamna på ein 37.-plass og kom ikkje med vidare.
I kvartfinalen kom Erik i heat 4, medan Klette og Lødøen kom i heat 5. Erik kom i mål som nr 5, berre 4,8 sekund etter heatvinnaren. Dermed gikk Erik ut til tross for det sterke løpet han leverete. 3/10 sekund betre tid ville sikra plass i semifinalen! Klette og Lødøen kom på 3. og 6.-plass i heat 5. Dermed var dei to også ute av «dansen».
Neste helg er det worldCup i Val Martello i Italia, der det står Individuell og Mix-stafett på programmet.
Trollheimen fjellsportklubb er medlem i Todalen.no