Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sterke resultat frå Valldal og Mefjellet Opp 2025

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2025

Laurdag vart Aron Rodal noregsmeister i motbakkeløp i juniorklassen. Han gjekk i mål på tida 46,21 som også heldt til 10.-plass totalt av 193 startande.  Isak Drøpping kom i mål på tida 49,04 og 3.-plass i juniorklassen.  Flott innsats frå «randogjengen» i Trollheimen fjellsportklubb!

På pallen – Aron og Isak saman med Tristan Kahrs Guldbrandsen som kom på andreplass i klasse M18-19. Foto Vigdis Rodal

Erik Kårvatn gjorde og eit sterkt løp og hamna på 6. beste tid totalt og vann sin klasse M20-22. Flott resultat av alle dei 3 deltakarane frå Trollheimen Fjellsportklubb. Johan Bugge fra Eidsvåg IL kom inn på tiden 42.25 og sikret seg tittelen som Noregsmeister. I dameklassen fekk Karoline Holsen Kyte beste tid med 50,10 som er løyperekord for dameklassen.

Erik på pallen saman med Martin Ukkelberg Sløgedal som kom på 3.-plass i klassen M20-22. Foto Vigdis Rodalen

Løypa for Mefjellet Opp startar heilt nede ved fjorden i Fjørå og går opp til toppen av Mefjellet, som er 1100 moh. Ei heftig stigning med ein fantastisk utsikt over fjord og fjell. Løyperekorden er det Kilian Jornet Burgada som har. Den vart sett i 2019, og lyder på 40,52.   Komplett resultatliste finn du her

 

Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no

Publisert: 20. juli 2025, 08:19