Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sterke gjensyn på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. desember 2024

Møter med stor sprengkraft på kinoen denne veka, når Seniorfilmklubben onsdag 4. desember klokka 13:00 viser vilmen «Past lives». Filmen handlar om to unge som kjem bort frå kvarandre etter at den eine familien flyttar til Canada. Dei har ikkje gløymt kvarandre, men kanskje har tida vekke frå kvarandre ført til litt ulike forhåpningar ved eit framtidig møte.

PAST LIVES

«Past lives» vart nominert som «beste film» under Oscar-utdelingane i år. Vel fortent – for sjølv om filmen er «roleg», har den ei sprengkraft i seg som mange kan kjenne seg heilt eller delvis att i.

WICKED

Foto: © Universal Studios

Wicked er ein ny film på som har lokal premiere på kinoen tysdad 3. desember klokka 18:00. Dette musikalske eventyret, med Ariana Grande og Cynthia Erivo i hovudrollene, handlar om eit «umuleg» venskap mellom den utstøtte og den mest populære – og eit møte med «Trollmannen fra Oz». Kritikarane er begeistra, og NRK aller mest: «Wicked er musikal med stor M, og tar oss med inn i en sprudlende, storslagen og velkoreografert verden av fengende låter, store stemmer og morsomme dansetrinn» (6 på terningen).

Heile kinoprogrammet ser du på surnadal-kulturhus.no/filmer

Først publisert: 2. desember 2024, 14:01 - Sist oppdatert: 3. desember 2024, 16:52